Eskil Skjeldal
Eg slepper deg utan at du velsignar meg


  

Fakta

ISBN: 9788232801268
Utgivelsesår: 2017
Innbundet


kr 349,-
Kjøp boka


 

I fleire år hadde Eskil Skjeldal vore prest. Han var doktorgradsstudent i teologi, kjend i media som kristen forfattar og kommentator. Så slutta han å tru på Gud. Korleis kunne det skje? Kvifor slutta trua å gje meining? Og kva liv venta han no?

Det finst mange historier om å begynne å tru på Gud. Historier om å slutte å tru, derimot, finst nesten ikkje. Dette er ei slik historie. Eg slepper deg utan at du velsignar meg er ei intens og reflektert forteljing om ei krise. Det er ei historie om ei tru som sviktar, om eit kjærleiksforhold som går i oppløysing og om den eksistensielle og intellektuelle kampen som leier fram til avskjeden med Gud. Samstundes er det ein tekst som konfronterer oss med nokre av dei grunnleggjande spørsmåla i tilværet: Finst Gud? Kva er det å tru? Og korleis gjev vi meining til det livet vi lever?

Eskil Skjeldal er skribent og kritikar i Vårt Land og Dag og Tid, og har ein doktorgrad frå Det teologiske menighetsfakultet i Oslo. Han arbeider i dag som seniorrådgjevar på eit kompetansesenter for psykisk helse og rus. Skjeldal har skrive fleire bøker, mellom anna den kritikarroste samtaleboka Mysteriet i trua (2013), saman med Jon Fosse.

PRESSEOMTALE

 

Eskil Skjeldal

Eskil Skjeldal er skribent og kritikar i Vårt Land og Dag og Tid, og har ein doktorgrad frå Det teologiske menighetsfakultetet i Oslo. Han arbeider
Les mer om forfatteren

Back to top